lørdag 24. april 2010

Comic Life

Etter å ha lest leksjonen om samansette tekster sat eg igjen med ein del tankar, dei fleste rundt programmet Comic Life. Eg er over gjennomsnittet interessert i teikneseriar og var spent på kva dette programmet kunne brukast til. Etter litt eksperimentering sit eg att med blanda kjensler.

Comic Life er eit enkelt program med eit lett forståeleg brukargrensesnitt. Eg skjønte svært raskt korleis programmet fungerte, og reknar med dei fleste elevar hadde "tatt det" minst like kjapt. Eg last litt rundt i Læreplanen og det var ikkje vanskeleg å finne muligheiter for å bruke programmet:

Etter 7. årstrinn Norsk

lage sammensatte tekster med bilder, utsmykninger og varierte skrifttyper til en større helhet, 
manuelt og ved hjelp av digitale verktøy

hovudmål norsk
Norskfaget forholder seg til et bredt spekter av tekster, både muntlige, skriftlige og sammensatte tekster, der skrift, lyd og bilder spiller sammen. Et norskfag for vår tid bygger på et utvidet tekstbegrep som inkluderer alle disse tekstformene.

Etter 7. årssteget Samfunnsfag
lage visuelle framstillingar av to eller fleire tidlege elvekulturar ved hjelp av digitale verktøy

presentere historiske hendingar gjennom å lage to forteljingar om same hendinga, sett frå ulike 
ståstader

skape forteljingar om menneske i fortida og bruke dei til å vise korleis menneske tenkjer og handlar ut frå samfunnet dei lever i

Eg såg at programmet inneheldt malar ein kunne bruke, deriblandt noko som såg ut som ein fisk. Ved hjelp av denne og eit kompetansemål frå naturfag tenkte eg å bruke eit tverrsnitt av ein fisk i "fiskeformene" og skrive fakta om fiskeorgana i øverste rute. Dette viste seg å være vanskelegare sagt enn gjort. 

Først må ein finne eit tverrsnitt av ein fisk (som er brukbart). Deretter må ein finne ut om dette bilete er lovleg å bruke til egne formål. Dette brukte eg ein del tid på og det viste seg å være mykje meir arbeid enn eg trudde. Problemet med copyright støter ein på same kva bilete ein skal bruke som ein ikkje har tatt sjøl. Dette presenterer både eit problem og ei mulegheit. Mulegheita er å repetere/presentere copyright og undervise om dette. Problemet er at om det ikkje er hensikta med å lage teikneserien/den samansette teksta vil fokuset forflyttast og kanskje til og med gløymast. Eg prøvde å skifte tema, men fann ut at problemet er like aktuelt uansett dersom ein ikkje brukar eigne bileter. 

Dersom ein brukar eigne bileter minkar bruksområdet ein del. Det er til dømes ikkje så lett å finne gode historiske bilete ein sjølv har tatt for å lage ei framstilling av ei historisk hending. Dersom elevane skulle lage teikneserien for hand ville problemet med copyright forsvunne sidan dei teiknar eigne teikningar. 

Dette leiar meg til det andre problemet med Comic Life, det er eit teikneserieprogram utan teikning! Programmet baserar seg på å bruke bilete frå andre stadar. Det er sjølvsagt muleg å teikne i t.d. Paint og bruke desse teikningane, men ein musepeikar vil aldri verte ei erstatning for blyantar og fargar, presisjonen er rett og slett ikkje den same. Dette betyr sjølvsagt ikkje at ein ikkje kan bruke Paint+Comic Life, men eg ser for meg at det vil være meir interessant for elevane å bruke bilete dei sjølve har tatt med digitalt fotoapparat. Bruk av digitalt kamera->importering->redigering i comic life vil til sjuande og sist kanskje bety mykje meir tidsbruk, planlegging og arbeid for både lærarar og elevar. Dersom det ikkje er meir effektivt er det ikkje lett å forsvare bruken når ein ser etter meirverdi. 

Etter litt pusling i Comic Life er eg litt skuffa. Programmet er lett å bruke, men eg slit litt med å sjå at dette er meir hensiktsmessig enn å lage ein teikneserie for hand. Det einaste området det briljerar på er dersom ein skal lage ein teikneserie ved hjelp av bilete ein sjølv tek med digitalt fotoapparat. Då er det lett å smekke opp eit par sider, importere bileter og legge på snakkebobler i alle fargar og fasongar. 

Konklusjonen må være at Comic Life er eit program som treng ein god del planlegging før bruk. Det er viktig å tenke over tema, og korleis elevane skal få tak i bilderessursane dei skal bruke. Kanskje vil det være mest hensiktsmessig at læraren har funne ein del bilete som elevane kan velje mellom når dei startar? Dette kjem igjen an på fokuset. Dersom ein har god tid, og kombinerar teikneserietemaet med undervisning om copyright, og tipsing om kvar ein kan finne bilete som er lovlege å bruke kan utbyttet bli stort. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar