onsdag 18. november 2009

Rekneark

Excel var eit av programma eg brukte når eg tok økonomi og informasjonsbehandling på vidaregåande. På den tida slo det meg som eit innvikla og snevert programm. Eg hadde halvvegs rett.

Etter litt eksperimentering i google docs og Excel, og etter å ha lest leksjonen er inntrykket mitt forandra. Excel/Calc er slett ikkje snevert. Det er eit svært nyttig og kraftig verktøy. Dessverre er det også relativt innvikla. For å gjere noko som helst nyttig i rekneark må ein kunne "språket", formlane som fins i rekneark. Desse er mange og avanserte, og kan nyttast på veldig forskjellige måtar. Det er nettopp dette som gjer at eg ser for meg at skulebruken av Excel/Calc blir minimal. 

Det tar lang tid å setje seg inn i eit slikt program, og ein må nok bruke det jamt for at kunnskapen ikkje skal fordufte. I ein skulesamanheng fins det ikkje tid til å sitte å arbeide med rekneark i noko utstrakt grad, men det betyr ikkje at ein ikkje kan arbeide i Excel/Calc.

Med tanke på alle bruksområda som fins vil det være ei smal sak for ein lærar å bruke Excel til å lage til dømes forskjellige "puggeark". Eg gjorde eit lite forsøk på å lage ei puggeliste i geografi som du kan sjå om du klikkar her. Dette kan sjølvsagt tilpassast til alt som må puggast være det seg gloselister, gangetabellar, fylker, historiske hendingar eller berømte personar.

Slike ark treng eleven minimal kompetanse for å bruke, men det kan likevel være ein motiverande faktor å få pugge på data. Mange yngre barn finn det også fantastisk morsomt at pcen "snakkar" til en når en gjer noko rett!

Det kan også gi skjult læringsutbytte dersom elevane får i oppgåve å lage ein eigen glosetest. Læraren kan gi dei oppskrifta til formlane, og dele ut fakta som skal inn i testane. Gjennom skapelsesprosessen av testen vil faktaopplysningane plukkast opp ubevisst av elevane, som lærar er det viktig å sjå slike muligheiter.

Når alt kjem til alt ser Excel/Calc etter mi meining umiddelbart ut som det kjedlegaste verktøyet vi har brukt i år, men programmet er ein ulv i fåreklær. Det er etter mi meining utvilsamt det mest variable programmet vi har brukt, men samtidig det mest avanserte. Som lærar ville eg tenkt nøye over korleis eg ville brukt dette programmet. Dersom ein set seg ned for å lære seg Excel/Calc i detalj kan timane lett forsvinne mellom fingrane...


tirsdag 17. november 2009

Oppgåver til leksjon Hensyn

Tenkeoppgåve 1:

Det er meir og meir vanleg at skular disponerar digitalfotoapparat som dei brukar til å knipse bilete til divserse hendingar på skulen, for deretter å publisere dei. Eg opplevde dette på skuleovertaking då det var dansetid. Skulen hadde ei vekentleg eller måntleg tilstelning då dei møttest og dansa i lag. Det vart tatt bilete, som vart publisert i PedIT på skulen.

Bileta var, og er etter mi erfaring muleg å sjå for alle. Eg har ikkje inngåande kjennskap til PedIT men sovidt eg veit kan ein logge seg på for å få tilgang til meir lukka sider. Eg kan ikkje skjøne anna enn at det vil være meir hensiktsmessig for alle skular å ha eit system der dei slepp å publisere bilete 100% offentleg. Det vil være muleg å lage brukarnamn som foreldre kan få, for å følge med på skulen/klassa sine PedIT sider.

Ein del bilete i skulesamanheng kan vel seiast å ikkje være personfokuserte. Det kan være bilete av til dømes arbeid som blir gjort. For ein skule vil det likevel alltid være tryggast å tenkje på alle bilete som potensielle brudd på personvernet. Dette vil mane til forsiktigheit og ein vil ha vansklegare for å "trakke i salaten".

Tenkeoppgåve 2:

På dette bilete ser vi barn som leikar på ein leikeplass. Sovidt eg forstår er det ikkje noko spesielt i vegen for å publisere dette biletet. Ein kan tenkje seg ein journalist som bruker biletet som illustrasjon i ein artikkel om nedleggelse av ein leikeplass. Det ville muligens kome innom 17.mai paragrafen? Det viktigaste med biletet er at vi ikkje kan identifisere personane på biletet. Alle ansikt er gøymde, og ein kan seie at aktiviteten er viktigare enn personane.

Eg reknar med det same ville gjelde for ein lærar, men eg ville likevel ikkje publisere nokon bilete utan tillatelse. Betre føre var enn etter sinte foreldre på nakken.

Oppgåve 3:

Eit skjema (og ein situasjon) ville etter mitt syn sjå omtrent slik ut:

Bortigarden Skule ber med dette om løyve til å publisere bilete av ditt barn "Ola Nordbarn" i forskjellige skulesammanhengar. Døme på dette kan være skuletur, juleverkstad, timeaktivitetar eller andre aktivitetar i skulen sin regi.

Du har full rett til å reservere deg mot dette.

Skulen vil publisere bileta på klassa si eiga side i PedIT, brukarnamn og passord til denne har vorte delt ut til alle foreldre. Bileta vil ikkje være synlege for andre enn dei som har tilgjenge til desse PedIT sidene (Foreldre, lærarar og elevar i klassa).

Namn:

Dato:

Vonar dette skjemaet vil være presist og enkelt nok i bruk. Etter mi meining burde ingen skular publisere bilete av barna som går der utanom i beskytta nettverk som PedIT (med løyve).

På andre sida av loven

Etter å ha lest leksjonen med det treffande namnet "Hensyn", og sett foredraget på TED av Larry Lessig sat eg igjen med ein del tankar.

Leksjonen er godt namngitt. Dette fordi opphavsrett og personvern handlar om nettopp hensyn. Den gyldne regelen seier at du skal gjere mot andre slik du vil dei skal gjere mot deg. Når vi knipsar eit bilete av nokon skal det forhåpentligvis ikkje mykje sunt bondevett til for å skjøne at vedkomande som blir tatt bilete av sikkert ikkje vil ha dette publisert for gud og kvarmann. Spesielt om personen blir knipsa i ein sjenerande situasjon. Det same gjeld bruk av opphavsrettbeskytta materiale. Kunstnarar og produsentar av "kultur" vil gjerne ha betalt for arbeidet sitt, dette er lett å relatere seg til. Dersom ein då tenkjer seg om ein ekstra gong er det unødvendig å pugge side opp og side ned av paragrafar, ein må berre være varsom. 

Ei side eg ikkje hadde tenkt mykje på før eg las leksjonen var dette med beskyttelse. I dette tilfellet tenkjer eg på beskyttelse med tanke på at nokre barn i skulesamanheng kanskje lever i skjul. Dette er ei trist problemstilling og noko som er veldig viktig for læraren å hugse på. I så måte er det nok best å be om oppdateringar av "publiseringsrettskjema" frå foreldre so ofte som råd.

I starten på leksjonen kunne det sjå ut som om temaet var innvikla. Det er nok også tilfelle, men dersom ein viser hensyn lar problemstillingane seg løyse rimeleg lett. Det stod skrive at sjølv om noko var lov var det ikkje nødvendigvis lurt. Med dette til ettertanke tykkjer eg opphavsrett er relativt greit å få tak på.

Det største problemet med dette temaet kom ikkje skikkeleg fram før eg såg Larry Lessig sin presentasjon. Vi er i den situasjonen at fleirtalet av Norge sine husstandar kan være kriminelle. Eg tippar det er svært få familiar som til dømes aldri har lasta ned ei mp3-fil med opphavsrettbeskytta musikk. Dersom foreldra ikkje har gjort det, har garantert barna gjort det. I starten er ikkje det sikkert barna er klar over at det er ulovleg ein gong, og når dei oppdagar dette verkar lova rigid og dum. Som Larry sa er det sjølvsagt ei forskjell på å kopiere t.d. ein musikkcd og selge den for pengar, og å bruke ein melodisnutt for å skape eit eige verk (spesielt om verket blir laga utan hensikt for profitt). I så tilfelle vil Creative Commons fungere utmerket, men saken er at det fins så mange folk som bryt nettopp opphavsretten at heile landet (kanskje til og med verda) kan bli kriminalisert. 

Konsekvensen av dette kan bli at barn og unge veks opp med eit negativt og respektlaust forhold til lova. Dersom dette forholdet blir dominerande kan barna i verste fall sjå på lova som unødvendig i andre, viktigare situasjonar, noko som fører til kaos. Dette høyrest forferdeleg dramatisk ut, og vi er ikkje akkurat i denne situasjonen enno, men eg trur at problemstillinga er høgst aktuell. Eg har fulgt denne debatten med interesserte auge og trur foreløpig ikkje på ei snarleg løysing. Spørsmålet er berre kvar denne konflikta vil ende opp om begge partar skal fortsette sitt ekstreme korstog. Eg seier meg einig med Larry når han vil få til ein middelveg. Om ikkje for oss sjølve og profitten sin del, so for barna. 



onsdag 11. november 2009

Audacity, Lyd og bruken av dei

I dag vil eg skrive litt om mine erfaringar med arbeid med lyd. 

Når eg var liten huskar eg eg hadde ein kasettspelar med record knapp. Etter ei stund fann eg ut at dersom ein hadde tape over skrivebeskyttelsen på kasettane kunne ein ta opp si ega stemme. Dette var til enorm glede og begeistring ei stund, og saman med venar laga vi både radioprogram og spøkjelseshistorier. Gjennom introduksjonen med audacity gjenoppdaga eg noko av denne gleda.

Lyd er eit svært mektig medium. Prøv berre å sjå ein skrekkfilm utan lyd, opplevelsen vert mildt sagt dårleg. Lyd kan brukast for å fremje glede, usikkerheit eller sorg. Tenk berre på humøra som heng saman med forskjellige instrument. Violin er vel mykje brukt i sørgelege scener, trommer kan skape spenning (tenk på trommevirvelen i eit sirkus). Lyd er også eit uttrykk for vår personlegdom. Alle (som ikkje er fødde døve) har eit eller anna forhold til musikk, nokon eit sterkt andre mindre sterkt. Vi kan fortelje om oss sjølv gjennom musikk, og kan derfor ta det personlig om nokon kritiserar vår egen musikksmak.

I ein pedagogisk samanheng kan lyd være alt i frå eit signal (innringing etter friminutt) til eit kraftfullt pedagogisk verktøy. I mi praksisperiode brukte eg og ein medstudent musikk svært bevisst. Han presenterte Rockehistoria, eg presenterte musikalhistorie med fokus på Andrew Lloyd Webber. Det er fullt mulig å gå gjennom musikkhistoria i ei bok, men kor mykje meir effektfullt blir det vel ikkje om elevane får høyre Jerry Lee Lewis på piano, Angus Young på gitar eller Michael Crawford og Sarah Brightman i duett i Phantom of the Opera! Ein lydsnutt kan være den vesle eksplosjonen med mental farge som gjer at ein elev hugsar timen og stoffet som vart presantert, og det er jo heile poenget. 

Som lærar ser eg umiddelbart ei større nytte for "passiv" bruk av lyd enn "aktiv". Med dette meinar eg at ein lærar nok kan gjere seg bedre nytte av lyd enn ein elev i skulekvardagen. Dersom ein brukar ein rockelåt i musikkundervisninga er dette "passiv" bruk. "Aktiv" bruk er når elevane sjølve gjer noko med lyden. Med ein gong elevane sjølve brukar/redigerar lydspor inn i arbeidet ser eg for meg at det lett kan bli meir ein distraksjon enn faktisk læringsutbytte. Det finnast sjølvsagt unntak til denne regelen som alle andre.

I min praksis såg eg framføringar der elevane presanterte sitt favorittband i powerpoint med tilhøyrande låt frå youtube. Dette fungerte utmerket, og presentasjonen hadde sjølvsagt ikkje vore den same utan lyd. Likevel ser eg for meg at læraren må stramme tøylane ein smule i kvardagen. Arbeid med lyd er eit stort og avansert felt, ein må passe seg for at kompetansemåla ikkje forsvinn opp ut av synet. 

I mitt arbeid med Audacity fann eg meg raskt til rette. Det var eit enkelt program å bruke, med ein lett tilgjengeleg og mykje anvendt angrefunksjon. Etterkvart blir ein meir fortruleg med å zoome inn og ut. I mitt eine testarbeid vart resultatet noko dårleg, av det eg ikkje zooma langt nok inn. I oppgåva skulle eg forandre lydstyrke mitt i eit opptak. Sidan eg ikkje zooma langt nok inn vart lyden auka midt i eit ord. Dette gjorde at lyden fekk eit ujamt hopp. Eg valde å la dette være slik det var som referanse på ein læringsprosess i arbeidet med Audacity. 

PS: Lydfilene kan finnast i arbeidsmappa mi på fronter saman med eit bonusbilde til arbeidet! ;D