torsdag 14. januar 2010

Sosiale nettsamfunn i skulen

Etter pcens inntog i klasseromet har internett fulgt meir eller mindre hakk i hel. Læraren er då i den (u)heldige situasjon at ein har tilgang til "alt" rett frå pc-pulten. Internett har ekstremt mange verktøy å by på og web 2.o generasjonen genererar sjøar av innhald kvar dag. Nettstadar som Youtube og Facebook fungerar nesten som ein andre heim for mange av dagens unge (og etterkvart eldre..?). Resultatet er at ein i DKL har ei myriade av applikasjonar å teste, spørsmålet er kva for nokre av dei som kan gi meirverdi i undervisninga.

Ein av dei etter mi meining viktigaste nettstadane som har vorte laga ima nyare tid er Youtube. Youtube vart født i 2005 og har sidan då vokse raskt. Når ein i utgangspunktet tenkjer på Youtube, tenkjer ein kanskje musikkvideoar eller "internett-memes". Veldig mange har fått sine five minutes of fame gjennom Youtube. Dette høyrest ikkje særlig pedagogisk ut, men Youtube er så fantastisk mykje meir! Eg vil driste meg til å påstå at Youtube var heilt unik når den vart skapt, og rolla den har i dag kan ikkje erstattast av noko anna tjeneste (sett bort frå identiske nettkonkurrentar).

Youtube har etterkvart vorte eit videooppslagsverk som er heilt fantastisk. Ein kan finne kurs i alle former. Gitarkurs, sminkekurs og andre informative videoar. Ein kan finne sketsjar, musikkvideoar eller opptak frå talar e.l. På høgskulen har eg blitt vist ein kortversjon av immigrasjonen til USA, denne fungerte både som ei lyninnføring og som eit humoristisk innslag for å lette humøret til tilhøyrarane og på den måten motivere dei og gjere dei klare for læring! I staden for å leite seg i hel etter ei tale frå Martin Luther King i eit gammalt vhs bibliotek ein kan bruke i samfunnsfag kan eit lite søk på Youtube være nok. Eg har allereie sett Youtube bli nytta fleire gongar i undervisninga, og har nytta den sjøl.

Wikipedia er den andre viktige nettsida i skulesamanheng. Denne er kort sagt eit oppslagsverk på nett, laga av alle som har lyst å bidra med kunnskap/informasjon. Eit resultat av dette er at ein av forskjellane frå eit vanleg oppslagsverk at wikipedia har artiklar om tema som ikkje vil eksistere i vanlege leksikon (t.d. filmar, leiker, eller andre ting som folk interesserar seg for som ikkje er "viktig" nok for eit vanleg leksikon). I tillegg til å være ei stor kilde til kunnskap har wikipedia også bidratt med sitt fantastiske wiki-konsept. Det er mulig å lage sine eigne wikiar, og dette kan brukast i prosjektarbeid på skulen. Gjennom å produsere si eiga wiki kan ein få elevane til å skifte fokus frå å gjengi informasjon til å produsere informasjon. Dette er meir lærerikt.

Facebook er også ei av dei nye sosiale fenomena som internett har født. Nytta denne har i skulesamanheng er mindre enn dei nettsidene eg har omtala til no. Det er mulig å nytte den til diverse samarbeidsprosjekt. Ein kan dele informasjon raskt og effektivt, men i mine auge er facebook stort sett ei verktøy for kommunikasjon eller sjølveksponering og bidreg i mindre grad med kunnskap.