onsdag 11. november 2009

Audacity, Lyd og bruken av dei

I dag vil eg skrive litt om mine erfaringar med arbeid med lyd. 

Når eg var liten huskar eg eg hadde ein kasettspelar med record knapp. Etter ei stund fann eg ut at dersom ein hadde tape over skrivebeskyttelsen på kasettane kunne ein ta opp si ega stemme. Dette var til enorm glede og begeistring ei stund, og saman med venar laga vi både radioprogram og spøkjelseshistorier. Gjennom introduksjonen med audacity gjenoppdaga eg noko av denne gleda.

Lyd er eit svært mektig medium. Prøv berre å sjå ein skrekkfilm utan lyd, opplevelsen vert mildt sagt dårleg. Lyd kan brukast for å fremje glede, usikkerheit eller sorg. Tenk berre på humøra som heng saman med forskjellige instrument. Violin er vel mykje brukt i sørgelege scener, trommer kan skape spenning (tenk på trommevirvelen i eit sirkus). Lyd er også eit uttrykk for vår personlegdom. Alle (som ikkje er fødde døve) har eit eller anna forhold til musikk, nokon eit sterkt andre mindre sterkt. Vi kan fortelje om oss sjølv gjennom musikk, og kan derfor ta det personlig om nokon kritiserar vår egen musikksmak.

I ein pedagogisk samanheng kan lyd være alt i frå eit signal (innringing etter friminutt) til eit kraftfullt pedagogisk verktøy. I mi praksisperiode brukte eg og ein medstudent musikk svært bevisst. Han presenterte Rockehistoria, eg presenterte musikalhistorie med fokus på Andrew Lloyd Webber. Det er fullt mulig å gå gjennom musikkhistoria i ei bok, men kor mykje meir effektfullt blir det vel ikkje om elevane får høyre Jerry Lee Lewis på piano, Angus Young på gitar eller Michael Crawford og Sarah Brightman i duett i Phantom of the Opera! Ein lydsnutt kan være den vesle eksplosjonen med mental farge som gjer at ein elev hugsar timen og stoffet som vart presantert, og det er jo heile poenget. 

Som lærar ser eg umiddelbart ei større nytte for "passiv" bruk av lyd enn "aktiv". Med dette meinar eg at ein lærar nok kan gjere seg bedre nytte av lyd enn ein elev i skulekvardagen. Dersom ein brukar ein rockelåt i musikkundervisninga er dette "passiv" bruk. "Aktiv" bruk er når elevane sjølve gjer noko med lyden. Med ein gong elevane sjølve brukar/redigerar lydspor inn i arbeidet ser eg for meg at det lett kan bli meir ein distraksjon enn faktisk læringsutbytte. Det finnast sjølvsagt unntak til denne regelen som alle andre.

I min praksis såg eg framføringar der elevane presanterte sitt favorittband i powerpoint med tilhøyrande låt frå youtube. Dette fungerte utmerket, og presentasjonen hadde sjølvsagt ikkje vore den same utan lyd. Likevel ser eg for meg at læraren må stramme tøylane ein smule i kvardagen. Arbeid med lyd er eit stort og avansert felt, ein må passe seg for at kompetansemåla ikkje forsvinn opp ut av synet. 

I mitt arbeid med Audacity fann eg meg raskt til rette. Det var eit enkelt program å bruke, med ein lett tilgjengeleg og mykje anvendt angrefunksjon. Etterkvart blir ein meir fortruleg med å zoome inn og ut. I mitt eine testarbeid vart resultatet noko dårleg, av det eg ikkje zooma langt nok inn. I oppgåva skulle eg forandre lydstyrke mitt i eit opptak. Sidan eg ikkje zooma langt nok inn vart lyden auka midt i eit ord. Dette gjorde at lyden fekk eit ujamt hopp. Eg valde å la dette være slik det var som referanse på ein læringsprosess i arbeidet med Audacity. 

PS: Lydfilene kan finnast i arbeidsmappa mi på fronter saman med eit bonusbilde til arbeidet! ;D


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar