fredag 16. oktober 2009

Fotoredigering

I dette innlegget vil eg snakke litt om fotoredigering og bruk av diverse virkemiddel i fotografering. Ber på førehand om unnskuldning for kvaliteten på fotoa då dei er tatt med mitt webkamera. Det digitale fotoapparatet eg skulle bruke måtte gi tapt for alderdommen og vart øydelagt under fotografering.

Klikk her for link til mitt picasa nettalbum der dei aktuelle bileta ligg.

Vi startar med ei par bilete teke i breiddeformat.

I det bilete 1 er motivet midtstilt, og i bilete 2 er motivet side/venstrestilt. 

Eg vil heilt klart seie at motivet kom mest til sin rett der det var midtstilt. Eg vil likevel seie at desse bileta vart knipsa kun med tanke på oppgåva. En kan kanskje sjå på dei som ein måte kald dokumentasjon, og i så måte fungerar dei, men som bilete i seg sjølv er dei kalde og kjedelige (trass fargen). 

På bilete nummer 3 er motivet midtstilt i eit "kvadratisk" format, medan i bilete nummer 4 er motivet side/venstrestilt i eit "kvadratisk" motiv. Av desse synest eg også det midtstilte fungerar best.

Dersom ein ser bilete 1-4 under ett meinar eg bilete nummer 3 fungerer best. Vi får eit kvadratisk bilete av eit objekt/motiv. Hensikta med dette bilete ser ikkje ut til å være anna enn dokumentasjon, og i så måte er det rimelig hensiktslaust og kanskje til og med mot si hensikt å prøve å skape noko spennande. Dersom bilete hadde ein sær vinkel, skarpe fargemotsetningar eller ei voldsom kontrast mellom lyst og mørkt hadde motivet kanskje vorte forstyrra. Dette kunne hindra dokumentasjonsevna eller brutt opp rytma i arbeidet bilete vart nytta i. 

Dersom ein skal sjå bort i frå dokumentasjonsevne meinar eg bilete nummer 2 er det mest spennande. Breiddeformatet para med eit sidestilt motiv skaper ei ubalanse i biletet og ei tom høgreside. Dette gjer at biletet er det klart mest "interessante" å sjå på av dei.

Til slutt har vi bilete nummer 5. Her har vi motivet meir i tredelingsregelen enn det gyldne snitt, men i ei sittande stilling. Som bilete er dette sjølvsagt det mest fungerande bilete i og med vi har fått ein djupare bakgrunn. Pultkanten fungerar som ei diagonal linje som trekk blikket mot motivet, og buen på telefonen er med på å gi fart til denne diagonalen. 

Verkemiddel er interessante. Nokre gongar skal ein fylje det gylne snitt, andre gongar skal ein bryte det. Kva tid ein skal gjere det eine eller det andre beror på hensikta til biletet. Dersom ein skal drive med rein dokumentasjon føler eg midtstilte motiv fungerar fint. Ein har få forstyrrande element og det er ikkje tvil om kva som er det viktige i biletet.

Dersom ein på den andre sida skal ta bilete for å skape noko vakkert, eller for å sende merksemda i forskjellige retningar i biletet kan ein bruke det gylne snitt eller diagonalar. Fargar og kontrast er mektige humørskaparar i bilete og kan brukast for å oppnå mange forskjellige effektar eller kjensler hjå sjåaren.

Slike verkemiddel gjer også eit bilete meir spennande å sjå på. Ein får utvilsamt meir lyst til å utforske resten av biletet, og det vil være nyttig i eit klasserom. Når ein får elevane sin fantasi i sving er eit godt bilete vel verdt å finne fram (eller hjamvel knipse om ein har talent for slikt ;)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar