tirsdag 17. november 2009

På andre sida av loven

Etter å ha lest leksjonen med det treffande namnet "Hensyn", og sett foredraget på TED av Larry Lessig sat eg igjen med ein del tankar.

Leksjonen er godt namngitt. Dette fordi opphavsrett og personvern handlar om nettopp hensyn. Den gyldne regelen seier at du skal gjere mot andre slik du vil dei skal gjere mot deg. Når vi knipsar eit bilete av nokon skal det forhåpentligvis ikkje mykje sunt bondevett til for å skjøne at vedkomande som blir tatt bilete av sikkert ikkje vil ha dette publisert for gud og kvarmann. Spesielt om personen blir knipsa i ein sjenerande situasjon. Det same gjeld bruk av opphavsrettbeskytta materiale. Kunstnarar og produsentar av "kultur" vil gjerne ha betalt for arbeidet sitt, dette er lett å relatere seg til. Dersom ein då tenkjer seg om ein ekstra gong er det unødvendig å pugge side opp og side ned av paragrafar, ein må berre være varsom. 

Ei side eg ikkje hadde tenkt mykje på før eg las leksjonen var dette med beskyttelse. I dette tilfellet tenkjer eg på beskyttelse med tanke på at nokre barn i skulesamanheng kanskje lever i skjul. Dette er ei trist problemstilling og noko som er veldig viktig for læraren å hugse på. I så måte er det nok best å be om oppdateringar av "publiseringsrettskjema" frå foreldre so ofte som råd.

I starten på leksjonen kunne det sjå ut som om temaet var innvikla. Det er nok også tilfelle, men dersom ein viser hensyn lar problemstillingane seg løyse rimeleg lett. Det stod skrive at sjølv om noko var lov var det ikkje nødvendigvis lurt. Med dette til ettertanke tykkjer eg opphavsrett er relativt greit å få tak på.

Det største problemet med dette temaet kom ikkje skikkeleg fram før eg såg Larry Lessig sin presentasjon. Vi er i den situasjonen at fleirtalet av Norge sine husstandar kan være kriminelle. Eg tippar det er svært få familiar som til dømes aldri har lasta ned ei mp3-fil med opphavsrettbeskytta musikk. Dersom foreldra ikkje har gjort det, har garantert barna gjort det. I starten er ikkje det sikkert barna er klar over at det er ulovleg ein gong, og når dei oppdagar dette verkar lova rigid og dum. Som Larry sa er det sjølvsagt ei forskjell på å kopiere t.d. ein musikkcd og selge den for pengar, og å bruke ein melodisnutt for å skape eit eige verk (spesielt om verket blir laga utan hensikt for profitt). I så tilfelle vil Creative Commons fungere utmerket, men saken er at det fins så mange folk som bryt nettopp opphavsretten at heile landet (kanskje til og med verda) kan bli kriminalisert. 

Konsekvensen av dette kan bli at barn og unge veks opp med eit negativt og respektlaust forhold til lova. Dersom dette forholdet blir dominerande kan barna i verste fall sjå på lova som unødvendig i andre, viktigare situasjonar, noko som fører til kaos. Dette høyrest forferdeleg dramatisk ut, og vi er ikkje akkurat i denne situasjonen enno, men eg trur at problemstillinga er høgst aktuell. Eg har fulgt denne debatten med interesserte auge og trur foreløpig ikkje på ei snarleg løysing. Spørsmålet er berre kvar denne konflikta vil ende opp om begge partar skal fortsette sitt ekstreme korstog. Eg seier meg einig med Larry når han vil få til ein middelveg. Om ikkje for oss sjølve og profitten sin del, so for barna. 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar