fredag 16. oktober 2009

Fotoanalyse

Dette bilete fant eg på foto.no (link). Det er eit bilete av ein mann og ein gut som ser på fisk i akvariet i Ålesund. Det er ein god balanse i bilete. Mannen og den vertikale linja i akvariet balanserar kvarandre, og ligg i tredelinga av bilete. Botnlinjene i akvariet skaper saman med lyset oppe fra venstre ei røyrsle som går frå venstre mot høgre.

Fiskane i bilete er av forskjellig art, og dermed form. Dette gir den opplyste bakgrunnen et litt kaotisk preg. Ein kan sjå på mannen og guten som ein representasjon av mennesket og dets behov for systematikk sett i kontrast til og avskjerma frå den kaotiske naturen.

Det siste iaugefallande verkemiddelet i bilete er fargen. Omtrent heile bilete er i variantar av blå. Dette, kombinert med mangel på bevegelse i fisken gir ei roleg kjensle til sjåar.

Dersom ein tek med tittelen til bilete (Pengebingen) som eit verkemiddel er det klart att fotografen vil bruke fisken i akvariet som ein illustrasjon på den fantastiske naturressursen havet og dets innhald er.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar