fredag 12. mars 2010

Generasjon.com

Eg vil i denne refleksjonen ta utgangspunkt i tenkespørsmålet på side 7 i Digital Arena 2. 

Refleksjonen rundt Generasjon.com er ein av dei vanskelegaste eg har gjort. Eg har konfliktfylde meiningar når det gjeld skulen si rolle i elevane sin digitale kvardag, og eg skal prøve å gjere greie for dei her. Dette blir eit langt innlegg, ta gjerne med niste ;)

Eg vil starte refleksjonen med eit tilbakeblikk til mi første dataundervisning (som deltakar) i skulesystemet. Eg hadde denne på ungdomskulen og huskar enno spenninga eg kjende før timen. Allereide då var eg interessert i PCar, og hadde delt data med venner ved hjelp av 1.44 diskettar og eit gammalt kommandolinje-pakkeprogram ved navn ARJ. Når eg steig inn i datarommet på skulen vart eg full av undring. Dei hadde utstyr her eg aldri hadde sett før. Diskettane var enorme og romma mykje mindre data enn dei eg hadde brukt i frå før. Undringa vart so erstatta med latterleggjering, og eg såg på dataundervisninga på skulen som meiningslaus og håplaust utdatert allereide etter første time.

Den dag i dag hugsar eg lite av det vi gjorde i desse timane, eg mistenker det var grunnleggande kopiering og formatering av diskettar, men eg trur eg kan seie med sikkerheit at eg aldri vil kunne bruke det til noko som helst. 

Utviklinga sida då har gått med lynet si hastigheit, og problemet er like relevant den dag i dag. Dagens lærarar vert i nokon samanhengar sett på som teknologiske analfabetar (iallefall av dei yngre) og med rette. Det er ikkje meir enn ei veke sidan vi var på omvising på ein skule i DKL og skulle få presantert interaktive tavler. Presentasjonen vart gjort av skulens dataansvarlige lærar som ironisk nok hadde dataproblem. Hjertet mitt gjeng ut til han då han tydelegvis hadde planlagt mykje han ikkje fikk vist oss, men han vart uansett ein levande klisje på læraren som ikkje kan handtere teknologi.

Dette problemet trur eg ikkje vi kan greie å kvitte oss med. Oppveksande generasjonar lærer raskare, og meir om teknologien enn lærarar nokongong vil klare å ta igjen. Vi kan kurse oss og interessere oss alt vi vil, men faktum er at elevane alltid vil ligge litt foran (der er sjølvsagt unntak i ekstreme ildsjeler, men jamnt over vil dette stemme). Det einaste som kanskje kan forandre dette er at alle som vart født før datagenerasjonen døyr ut slik at alle er vane med å bruke data, men jamvel då tippar eg elevane vil ligge litt foran.

Dersom vi inrømmer dette vil vi stå overfor et val. Anten kan vi jage etter elevane, prøve å henge på, og uungåeleg dette av lasset, eller so kan vi fokusere på andre ting. 

Søby snakkar om digitale forskjellar, og at desse må jamnast ut. Eg trur det er omtrent like sannsynleg å få til dette som å få alle elevar til å bli like flinke i matematikk eller engelsk. I dag er det ekstremt få elevar som ikkje har pc/internett heime. Eg meinar å ha lest en stad at godt over 90% har det. I so måte er det ikkje mykje utjamning som må til når det gjeld tilgang.

Når det gjeld evner vil dei fordele seg på same måten som andre evner. Nokre elevar synest matematikk er spennande, desse elevane vil lære meir og betre enn dei som ikkje synest det er interessant. Slik er det med datakunnskap også. Dei som interesserar seg for PCar i meir utstrakt grad enn å sende en e-post vil lære meir. Dette er ikkje noko som skulen kan forandre på. Læraren kan sjølvsagt bidra til å formidle kunnskap og engasjement, men til sjuande og sist har også dette begrensingar.

I DKL har vi brukt eit utal forskjellige verktøy. Dette er vel og bra, mykje av det er interessant og nyttig. DKL stiller heile tida det avgjerande spørsmålet om det vi gjer har meirverdi for undervisninga, og det har det jo som regel. Likevel tek eg meg sjølv i å tenke...om elevane på ungdomskulen brukar picasa eller google docs i dag...kva om 6-10 år...når dei er ferdig utdanna. Korleis ser verda ut då? Dersom utviklinga fortsetter i same hastigheit, vil tida vi bruker i deira digitale kvardag være so vekkasta som mi dataundervisning var? 

Svaret på dette spørsmålet kan sjølvsagt ikkje bli anna enn rein spekulasjon. Likevel hallar eg mot eit nølande ja. Datautviklinga har bevega seg lysår sida eg brukte ARJ og floppy-diskettar, og det ser ikkje ut som om den har tenkt å minke på farta. 

Dersom svaret er ja er kanskje det vi treng i skulen mindre dataundervisning? Elevane si kompetanse vil på mange nivå alltid være foran lærarens. Då er det meiningslaust å prøve å lære dei noko. Skrifta på PCen ser bra ut frå første stund vi set oss ned, det gjer ikkje handskrifta. På barneskulen skreiv eg mange, mange linjer løkkeskrift. Vi hadde ei eiga finskriftbok der vi skreiv så fint vi kunne. I mi begrensa tid som student/vikar har eg sett elevar med ei handskrift som knapt kan kallast anna enn rot, og dette er på ungdomskulenivå. Er svaret å plassere dei foran ein PC med tekstbehandling slik at dei slepp å tyde si eiga skrift?

Dataalderen er ein av dei største revolusjonane i historia. Den har påverka samfunnet på ekstremt mange område, og vil fortsette å gjere det. I lys av alt dette er det viktigare enn nokon gong at lærarar og skuleverk har tunga beint i munnen og tenkjer over kva dei vil. Vil vi lære elevane at ikkje alt på internett er sant? Ja. Vil vi prøve å belære dei om ein kultur som er deira eigen? Tja, nokre vil kanskje, men det er ein dårleg idé. 

Det viktigaste er å fokusere på sannheiter og lærdom som ikkje forandrar seg. Dataprogram og vår digitale kvardag vil garantert ikkje være den same eit tiår frå no, men alfabetet vil nok være det same. Det beste vi kan gjere for Generasjon.com er å gi dei eit godt fundament med kunnskap som byggjer på meir enn internett og wikipedia. Vi må gi dei kunnskap som dei kan nyttegjere seg utan å møtast på skype eller oppdatere bloggen sin. Sjølv om desse verktøya har sin plass er livet meir enn data og internett, anten ein er på skulen eller sit heime. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar