fredag 12. mars 2010

Bridge Builder

I dag har eg testa dataspelet Bridge Builder. 

Mi bru endte opp med å koste sovidt i overkant av 10 000. Budsjettet var på 15 000, og eg var i så måte godt innafor ramma, i motsetning til det meste av offentleg bygg...Bilete av ferdig bru, budsjett og test finn du her.

Eg er interessert i spel som medium, og var veldig spent på kva ein "pedagogisk" spel-session kunne gi meg. Det var difor med stor iver eg sette meg ned for å teste dette spelet.

Undervegs prøvde eg å gjere meg tankar om kva dette kunne brukast til, og kva eg kunne lære av dette. Spelet var veldig enkelt å sette seg inn i og bruke, dette er eit pluss for elevar og ikkje minst lærarar. No spelte eg tutorialane og ferdig nivå 3. Nivå 1 og 2 var ekstremt lette og dei løyste eg ved å lage same type bru som i tutorial 1. På nivå 3 fungerte ikkje dette, og eg måtte ta i bruk stålkonstruksjon. Etter eg hadde gjort dette fungerte det fint. Eg prøvde so å få brua billegare og enda opp med å bytte ut stål"botnen" eller vegen på brua med jarn. Dette senka kostnadane men brua var framleis trygg.

I etterkant sit eg igjen med blanda kjensler. Kan dette brukast i undervisning? Sikkert. Vil det gi meirverdi? Usikker. Ein kan t.d. få elevar til å undrast over kvifor det fungerar med stålkonstruksjon kontra jarn. Personleg kom eg fram til at dette har med metallets eigenskapar å gjere. Vekt, porøsitet og styrke er faktorar som spelar inn. Dette kan eg kome fram til sidan eg veit kva forskjellen på stål og jarn er. Mange elevar har kanskje ikkje denne kunnskapen, og då kan det være verre å tenkje seg dit. Dersom ein er dreven i fysikk kan ein kanskje rekne på vinklar og bruk av material, men dette fell nok utanfor dei fleste aktuelle samanhengar. 

Vidare fann eg ut at jarn var billegare enn stål. Sidan matematikken skjer automatisk slepp elevane å rekne so mykje, og matematikk er difor ikkje den best innfallsvinkelen. Det som slo meg var at ein kan ta opp ein diskusjon rundt pengebruk i samfunnet. Kor utrygg kan ein rettferdigjere at brua skal være med tanke på pengar? Er dette problemstillingar som fins i samfunnet? Blir kostnadar kutta som kan føre til utrygge vegar, bruer e.l.? Korleis vurderar ein moralen opp mot samfunnets lommebok?

Alt i alt sit eg igjen utan å være spesielt imponert. Sidan eg er godt kjend med spelmediumet kan eg uttale meg med ei viss tyngde. Eg kan seie so masse som at ein heilt klart kan lære noko av spel. Faktisk kan ein lære noko av alle spel. Dette vil dog ikkje seie at alle spel er egna for klasseromet. Spel er laga med ei spesiell hensikt for auget. Underholde på forskjellige måtar, eller lære deg noko (pedagogiske spel). Dette vil også seie at læringspotensialet deira er relativt begrensa. Eg trur det absolutt er rom for spel i klasseromet, og dersom elevane har det kjekt lærer dei meir. Samtidig er det avgjerande å sjå etter den etterkvart so berømte meirverdien. Dersom den ikkje kan finnast bør en la spelet stå på hylla.


Generasjon.com

Eg vil i denne refleksjonen ta utgangspunkt i tenkespørsmålet på side 7 i Digital Arena 2. 

Refleksjonen rundt Generasjon.com er ein av dei vanskelegaste eg har gjort. Eg har konfliktfylde meiningar når det gjeld skulen si rolle i elevane sin digitale kvardag, og eg skal prøve å gjere greie for dei her. Dette blir eit langt innlegg, ta gjerne med niste ;)

Eg vil starte refleksjonen med eit tilbakeblikk til mi første dataundervisning (som deltakar) i skulesystemet. Eg hadde denne på ungdomskulen og huskar enno spenninga eg kjende før timen. Allereide då var eg interessert i PCar, og hadde delt data med venner ved hjelp av 1.44 diskettar og eit gammalt kommandolinje-pakkeprogram ved navn ARJ. Når eg steig inn i datarommet på skulen vart eg full av undring. Dei hadde utstyr her eg aldri hadde sett før. Diskettane var enorme og romma mykje mindre data enn dei eg hadde brukt i frå før. Undringa vart so erstatta med latterleggjering, og eg såg på dataundervisninga på skulen som meiningslaus og håplaust utdatert allereide etter første time.

Den dag i dag hugsar eg lite av det vi gjorde i desse timane, eg mistenker det var grunnleggande kopiering og formatering av diskettar, men eg trur eg kan seie med sikkerheit at eg aldri vil kunne bruke det til noko som helst. 

Utviklinga sida då har gått med lynet si hastigheit, og problemet er like relevant den dag i dag. Dagens lærarar vert i nokon samanhengar sett på som teknologiske analfabetar (iallefall av dei yngre) og med rette. Det er ikkje meir enn ei veke sidan vi var på omvising på ein skule i DKL og skulle få presantert interaktive tavler. Presentasjonen vart gjort av skulens dataansvarlige lærar som ironisk nok hadde dataproblem. Hjertet mitt gjeng ut til han då han tydelegvis hadde planlagt mykje han ikkje fikk vist oss, men han vart uansett ein levande klisje på læraren som ikkje kan handtere teknologi.

Dette problemet trur eg ikkje vi kan greie å kvitte oss med. Oppveksande generasjonar lærer raskare, og meir om teknologien enn lærarar nokongong vil klare å ta igjen. Vi kan kurse oss og interessere oss alt vi vil, men faktum er at elevane alltid vil ligge litt foran (der er sjølvsagt unntak i ekstreme ildsjeler, men jamnt over vil dette stemme). Det einaste som kanskje kan forandre dette er at alle som vart født før datagenerasjonen døyr ut slik at alle er vane med å bruke data, men jamvel då tippar eg elevane vil ligge litt foran.

Dersom vi inrømmer dette vil vi stå overfor et val. Anten kan vi jage etter elevane, prøve å henge på, og uungåeleg dette av lasset, eller so kan vi fokusere på andre ting. 

Søby snakkar om digitale forskjellar, og at desse må jamnast ut. Eg trur det er omtrent like sannsynleg å få til dette som å få alle elevar til å bli like flinke i matematikk eller engelsk. I dag er det ekstremt få elevar som ikkje har pc/internett heime. Eg meinar å ha lest en stad at godt over 90% har det. I so måte er det ikkje mykje utjamning som må til når det gjeld tilgang.

Når det gjeld evner vil dei fordele seg på same måten som andre evner. Nokre elevar synest matematikk er spennande, desse elevane vil lære meir og betre enn dei som ikkje synest det er interessant. Slik er det med datakunnskap også. Dei som interesserar seg for PCar i meir utstrakt grad enn å sende en e-post vil lære meir. Dette er ikkje noko som skulen kan forandre på. Læraren kan sjølvsagt bidra til å formidle kunnskap og engasjement, men til sjuande og sist har også dette begrensingar.

I DKL har vi brukt eit utal forskjellige verktøy. Dette er vel og bra, mykje av det er interessant og nyttig. DKL stiller heile tida det avgjerande spørsmålet om det vi gjer har meirverdi for undervisninga, og det har det jo som regel. Likevel tek eg meg sjølv i å tenke...om elevane på ungdomskulen brukar picasa eller google docs i dag...kva om 6-10 år...når dei er ferdig utdanna. Korleis ser verda ut då? Dersom utviklinga fortsetter i same hastigheit, vil tida vi bruker i deira digitale kvardag være so vekkasta som mi dataundervisning var? 

Svaret på dette spørsmålet kan sjølvsagt ikkje bli anna enn rein spekulasjon. Likevel hallar eg mot eit nølande ja. Datautviklinga har bevega seg lysår sida eg brukte ARJ og floppy-diskettar, og det ser ikkje ut som om den har tenkt å minke på farta. 

Dersom svaret er ja er kanskje det vi treng i skulen mindre dataundervisning? Elevane si kompetanse vil på mange nivå alltid være foran lærarens. Då er det meiningslaust å prøve å lære dei noko. Skrifta på PCen ser bra ut frå første stund vi set oss ned, det gjer ikkje handskrifta. På barneskulen skreiv eg mange, mange linjer løkkeskrift. Vi hadde ei eiga finskriftbok der vi skreiv så fint vi kunne. I mi begrensa tid som student/vikar har eg sett elevar med ei handskrift som knapt kan kallast anna enn rot, og dette er på ungdomskulenivå. Er svaret å plassere dei foran ein PC med tekstbehandling slik at dei slepp å tyde si eiga skrift?

Dataalderen er ein av dei største revolusjonane i historia. Den har påverka samfunnet på ekstremt mange område, og vil fortsette å gjere det. I lys av alt dette er det viktigare enn nokon gong at lærarar og skuleverk har tunga beint i munnen og tenkjer over kva dei vil. Vil vi lære elevane at ikkje alt på internett er sant? Ja. Vil vi prøve å belære dei om ein kultur som er deira eigen? Tja, nokre vil kanskje, men det er ein dårleg idé. 

Det viktigaste er å fokusere på sannheiter og lærdom som ikkje forandrar seg. Dataprogram og vår digitale kvardag vil garantert ikkje være den same eit tiår frå no, men alfabetet vil nok være det same. Det beste vi kan gjere for Generasjon.com er å gi dei eit godt fundament med kunnskap som byggjer på meir enn internett og wikipedia. Vi må gi dei kunnskap som dei kan nyttegjere seg utan å møtast på skype eller oppdatere bloggen sin. Sjølv om desse verktøya har sin plass er livet meir enn data og internett, anten ein er på skulen eller sit heime. 

Google Sites

I forbereding og arbeid med M2 oppretta eg ein Google nettstad. 

Eg oppretta denne etter diskusjon i gruppa, der vi såg etter ein måte å samle informasjon for elevane, og eventuelt bruke den som presentasjons/innleveringsverktøy. 

Google nettstadar har samme fordelen som ein del andre av Google sine online verktøy. 

  • Det er gratis
  • Det er online/tilgjengelig for alle samtidig, heime eller på skulen
  • Det er ein del av Google sine verkøy og er såleis ein del av ein "pakke" verktøy som kan brukast saman

Google nettstadar er enkle å bruke. Tidlig i mi nettkarriere pusla eg med litt html og konstruksjon av heimesider, men kom aldri djupt inni dette. Google nettstadar er enklare enn dette og har eit grafisk og fint grensesnitt. Det vil være ei relativt smal sak for elevane å forstå og bruke dette. Samtidig legg dette også ein del avgrensingar på sidene då ein ikkje kan gjere meir med dei enn Google har tenkt i grensesnittet sitt. 

Det skal likevel seiast at Google har lagt ved ein god del malar. Med desse kan ein raskt sette i stand spesielle typar nettsider, noko som vil lette både læringskurva og arbeidstida. Dette vil være spesielt hendig i forskjellige skuleprosjekt, då elevane kan bruke meir tid på innhaldet og mindre tid på å få sida til å sjå ut slik dei vil.

Sidan Google nettstadar er ein del av "Googlepakken" hadde eg håpa betre støtte for Geotagging. I mi begrensa utforsking av nettstaden laga eg et par testsider, lasta opp eit bilete og la til staddata frå Google Earth. Dette er ein mulig måte å løyse det på, men eg hadde gjerne sett ei enklare og meir saumlaus integrering av Geotags. 

Alt i alt eit enkelt og greit alternativ for dei som treng ei lita, kjekk og grei nettside i ei fart. 

Her er link til nettsida for dei som ikkje såg linken i starten. 

Geotagging

Geotagging er eit nytt ord for meg, og det høyrest veldig fancy ut. Det er faktisk også veldig fancy, men ikkje så vanskelig som ein skulle tru. 

Geotagging betyr at ein festar informasjon til eit bilete om kvar det er knipsa. Dette kan gjerast ved hjelp av Google kart, eller Google Earth. Personlig likar eg best Google Earth, men dette er mest fordi det er meir spennande og raskare å utforske forskjellige delar av verda ved hjelp av det. Google Earth har også mange kraftige "lag" ein kan legge over visninga som bidreg med utfyllande informasjon, linkar, bilete og mykje anna. 

I mine forsøk med Geotagging tok eg nokre bilete eg har knipsa sjøl tidlegare, og knipsa eit par nye. Deretter lasta eg desse opp til eit Picasa nettalbum. Sidan både Google Earth og Picasa er ein del av Google sine løysingar fungerar dei flott i lag. Det einaste problemet eg støtte på var at når ein skulle opne Geotags i Picasa fungerte det ikkje i min Opera nettlesar. Eg har fleire installert, men foretrekker Opera. Når eg prøvde same handling i Internet Explorer frå Microsoft fungerte dette fint. Ifølge Google burde det også fungere i Chrome og Firefox. 

Dette var for meg litt skuffande, men er nok ikkje eit stort problem sidan dei aller fleste skular brukar Internet Explorer. 

Alt i alt eit interessant lite eksperiment der eg lærte meg å geotagge bilete. 

Klikk her for å opne mitt Picasa Geotag testalbum.

fredag 19. februar 2010

Wikispaces

Gruppa vår har laga ein wiki ved hjelp av wikispaces. I denne wikien har vi skreve litt om forskjellige sosiale websider deriblandt youtube og facebook.

Wikien er ikkje tilgjengeleg uten invitasjon, dette kan forandrast av wikiens administrator. Det er greit å vite at ein kan lukke wikiane for offentleg innsyn. Dette kan være aktuelt i skulesamanheng for å unngå at andre rotar i wikien.

Oppdatering: Wikien er no offentlegjort slik at alle kan sjå kva som står i den. Innhaldet består av nokre få sider om sosial web. 

Link: http://testwikiforteacherstudents.wikispaces.com/

torsdag 14. januar 2010

Sosiale nettsamfunn i skulen

Etter pcens inntog i klasseromet har internett fulgt meir eller mindre hakk i hel. Læraren er då i den (u)heldige situasjon at ein har tilgang til "alt" rett frå pc-pulten. Internett har ekstremt mange verktøy å by på og web 2.o generasjonen genererar sjøar av innhald kvar dag. Nettstadar som Youtube og Facebook fungerar nesten som ein andre heim for mange av dagens unge (og etterkvart eldre..?). Resultatet er at ein i DKL har ei myriade av applikasjonar å teste, spørsmålet er kva for nokre av dei som kan gi meirverdi i undervisninga.

Ein av dei etter mi meining viktigaste nettstadane som har vorte laga ima nyare tid er Youtube. Youtube vart født i 2005 og har sidan då vokse raskt. Når ein i utgangspunktet tenkjer på Youtube, tenkjer ein kanskje musikkvideoar eller "internett-memes". Veldig mange har fått sine five minutes of fame gjennom Youtube. Dette høyrest ikkje særlig pedagogisk ut, men Youtube er så fantastisk mykje meir! Eg vil driste meg til å påstå at Youtube var heilt unik når den vart skapt, og rolla den har i dag kan ikkje erstattast av noko anna tjeneste (sett bort frå identiske nettkonkurrentar).

Youtube har etterkvart vorte eit videooppslagsverk som er heilt fantastisk. Ein kan finne kurs i alle former. Gitarkurs, sminkekurs og andre informative videoar. Ein kan finne sketsjar, musikkvideoar eller opptak frå talar e.l. På høgskulen har eg blitt vist ein kortversjon av immigrasjonen til USA, denne fungerte både som ei lyninnføring og som eit humoristisk innslag for å lette humøret til tilhøyrarane og på den måten motivere dei og gjere dei klare for læring! I staden for å leite seg i hel etter ei tale frå Martin Luther King i eit gammalt vhs bibliotek ein kan bruke i samfunnsfag kan eit lite søk på Youtube være nok. Eg har allereie sett Youtube bli nytta fleire gongar i undervisninga, og har nytta den sjøl.

Wikipedia er den andre viktige nettsida i skulesamanheng. Denne er kort sagt eit oppslagsverk på nett, laga av alle som har lyst å bidra med kunnskap/informasjon. Eit resultat av dette er at ein av forskjellane frå eit vanleg oppslagsverk at wikipedia har artiklar om tema som ikkje vil eksistere i vanlege leksikon (t.d. filmar, leiker, eller andre ting som folk interesserar seg for som ikkje er "viktig" nok for eit vanleg leksikon). I tillegg til å være ei stor kilde til kunnskap har wikipedia også bidratt med sitt fantastiske wiki-konsept. Det er mulig å lage sine eigne wikiar, og dette kan brukast i prosjektarbeid på skulen. Gjennom å produsere si eiga wiki kan ein få elevane til å skifte fokus frå å gjengi informasjon til å produsere informasjon. Dette er meir lærerikt.

Facebook er også ei av dei nye sosiale fenomena som internett har født. Nytta denne har i skulesamanheng er mindre enn dei nettsidene eg har omtala til no. Det er mulig å nytte den til diverse samarbeidsprosjekt. Ein kan dele informasjon raskt og effektivt, men i mine auge er facebook stort sett ei verktøy for kommunikasjon eller sjølveksponering og bidreg i mindre grad med kunnskap.

onsdag 18. november 2009

Rekneark

Excel var eit av programma eg brukte når eg tok økonomi og informasjonsbehandling på vidaregåande. På den tida slo det meg som eit innvikla og snevert programm. Eg hadde halvvegs rett.

Etter litt eksperimentering i google docs og Excel, og etter å ha lest leksjonen er inntrykket mitt forandra. Excel/Calc er slett ikkje snevert. Det er eit svært nyttig og kraftig verktøy. Dessverre er det også relativt innvikla. For å gjere noko som helst nyttig i rekneark må ein kunne "språket", formlane som fins i rekneark. Desse er mange og avanserte, og kan nyttast på veldig forskjellige måtar. Det er nettopp dette som gjer at eg ser for meg at skulebruken av Excel/Calc blir minimal. 

Det tar lang tid å setje seg inn i eit slikt program, og ein må nok bruke det jamt for at kunnskapen ikkje skal fordufte. I ein skulesamanheng fins det ikkje tid til å sitte å arbeide med rekneark i noko utstrakt grad, men det betyr ikkje at ein ikkje kan arbeide i Excel/Calc.

Med tanke på alle bruksområda som fins vil det være ei smal sak for ein lærar å bruke Excel til å lage til dømes forskjellige "puggeark". Eg gjorde eit lite forsøk på å lage ei puggeliste i geografi som du kan sjå om du klikkar her. Dette kan sjølvsagt tilpassast til alt som må puggast være det seg gloselister, gangetabellar, fylker, historiske hendingar eller berømte personar.

Slike ark treng eleven minimal kompetanse for å bruke, men det kan likevel være ein motiverande faktor å få pugge på data. Mange yngre barn finn det også fantastisk morsomt at pcen "snakkar" til en når en gjer noko rett!

Det kan også gi skjult læringsutbytte dersom elevane får i oppgåve å lage ein eigen glosetest. Læraren kan gi dei oppskrifta til formlane, og dele ut fakta som skal inn i testane. Gjennom skapelsesprosessen av testen vil faktaopplysningane plukkast opp ubevisst av elevane, som lærar er det viktig å sjå slike muligheiter.

Når alt kjem til alt ser Excel/Calc etter mi meining umiddelbart ut som det kjedlegaste verktøyet vi har brukt i år, men programmet er ein ulv i fåreklær. Det er etter mi meining utvilsamt det mest variable programmet vi har brukt, men samtidig det mest avanserte. Som lærar ville eg tenkt nøye over korleis eg ville brukt dette programmet. Dersom ein set seg ned for å lære seg Excel/Calc i detalj kan timane lett forsvinne mellom fingrane...