Viser innlegg med etiketten Informasjonskompetanse. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Informasjonskompetanse. Vis alle innlegg

torsdag 8. april 2010

Kjeldekritikk

I den siste leksjonen om informasjonskompetanse vart eg losa til ei side som heiter All about explorers. Dette såg heilt i starten ut som ei truverdeg, om enn ikkje spesielt profesjonelt designa side. "All About Explorers was developed by a group of teachers..." dette lovar bra. Resten av setninga fekk meg til å tenkje litt "...as a means of teaching students about the Internet.". Sida handla altså ikkje om explorers slik den sa, men heller om Internett. Etter litt nærare lesing på "about" delen av sida fann eg tekst som sa at biografiane var fullstendig fiksjonelle sjølv om kjeldene som har vorte brukt var korrekte nok, og at den under ingen omstende måtte brukast som kilde i noko arbeid om explorers. 

Eg bestemte meg for å ta en kikk på Colombus sin biografi og enda opp med å finne ut at stakkaren døde ca 50 år før han vart født (ifølge artikkelen). I tillegg fortalde eit kjapt wiki søk meg at ein del andre fakta var ukorrekte. 

Dersom eg skal gi ei kjeldekritisk vurdering av denne sida må eg først bestemme hensikta.

- Som kjelde for biografisk informasjon om explorers er den fullstendig verdilaus. 

- Som kjelde for informasjon og inspirasjon om kjeldekritikk er den nesten uvurderlig. Den er eit perfekt eksempel på at ein ikkje skal tru alt ein les, og eit flott utgangspunkt for å lære elevar om kjelder og Internett.

Dersom ein brukar fantasien (og informerer korrekt!) kan sida likevel være kjelde til ei masse læring om explorers! Om ein fortel elevane at her er ei side med ei bråte feilinformasjon, kan ein gi dei i oppgåve å finne ut kva som stemmer (om noko) og kva som ikkje stemmer, og kva som faktisk er den korrekte informasjonen. Dette gjer at elevane sjølv må finne fram til den korrekte informasjonen. Dette gjer at elevane i tillegg til å lære seg noko om Internett og kjeldekritikk også kan sitte igjen med ein del faktakunnskap om forskjellige eventyrarar. Dobbel gevinst!

Netvibes

Dette er fyste gong eg har vore bort i eit skikkelig informasjonsnav. Etter å ha pusla med Netvibes ei stund, sit eg igjen med delte meiningar. 

Eg brukar Opera som nettlesar. I Opera har ein ei fiffig "startside". Den er eit hurtigvalg som viser eit rutenett av nettsider du sjølv velg ut i 2x2-5x5 mønster. Dette er som visuelle bokmerker og ein enkel måte å navigere rundt på dine mest besøkte nettsider på. I tillegg er bokmerka mine mykje brukt. Det er lenge sidan eg skreiv inn ei nettside for hand. 

Forskjella på denne hurtigstarten, og RSS er som "reklamene" for RSS har sagt at informasjonen kjem til deg, i staden for at du må reise til den. Spørsmålet blir så om dette er hensiktsmessig.

For min egen del vil eg seie at eg personlig ikkje treng eller vil ha Netvibes. Bokmerka mine er like raske som nokon link på Netvibes, og dersom eg vil lese nye artiklar på media eg fyl med på besøker eg dei like greitt. På den måten får eg sjå bileta og layouten i tillegg. Eg ser nytta av Netvibes dersom ein må sortere eller velje ut informasjon i store mengder artiklar, men til daglig treng eg ikkje dette. Og dersom ein abonnerar på nokre RSSar ser eg lett for meg at ein fort vert overvelda av informasjon.

Som eit informasjonsnav i skulesamanheng er nytta kanskje litt større. Mange elevar går seg lett vill på nett og Netvibes er då ei god hjelp. Læraren kan i samarbeid med elevane skreddarsy ei side på Netvibes til bruk for klassa der ein samlar viktige nettressursar. Det kan være ordbøker, leksikontenester, søkemotorar eller forskjellige RSS feeds for interessante nettsider som nysjerrigper.no eller podcasts frå Schrödingers Katt på NRK. Fordele med dette er at elevane (og læraren) kan spare masse tid på nettbruken sin. I staden for at elevane skal springe rundt "i blinde" på Internett har dei spesifikke stadar dei kan leite etter akkurat den informasjonen dei treng.

Bakdelen er at det kan føre til at elevane orienterer seg dårligare på nett. Ein dag skal dei lage sitt eige informasjonsnav, eller orientere seg i google. Då kan det være bra å ikkje være grønn på Internett. Dersom biblotekaren alltid henter bøkene vi treng lærer vi aldri å bruke biblioteket sjølv. 

Ei løysing kan sjølvsagt være at elevane opprettar sin personlege Netvibeside. Då må dei kanskje tenkje over kvar dei skal finne informasjonen som skal bli presantert der, og kvifor dei skal bruke akkurat den informasjonen. Det er likevel fare for at ein del lagar seg ei "standard"-side og ikkje gidd tenkje over det dei gjer. 

Alt i alt ser eg på Netvibes som eit verktøy som kan være aktuelt å bruke i skulesamanheng. Det er inga erstatning for noko som helst, men kan være ei hjelp for folk som ikkje orienterer seg så bra på nett, og ei tidsinnsparande innretning for arbeid på nett på skulen. 

tirsdag 6. april 2010

Informasjonskompetanse

Det er ikkje tvil om at oppveksande elevar treng ei god informasjonskompetanse. Internett og alle dets funksjonar kjem nok berre til å verte viktigare i framtida, og det er på sin plass at elevane våre skal kunne bruke desse verktya korrekt.

Dessverre er refleksjon i den verkelege verda ikkje nødvendigvis knytta til refleksjon i den digitale. Ein god venn av meg fortalde meg nyleg ei artig oppleving han hadde med faren sin, og eg vil gjengi den her.

Denne faren skulle lage ein meny på jobben sin, i denne menyen trengte han eit bilete av ein konvolutt og valde derfor symbol i programmet han brukte men fann intet symbol av ein konvolutt. Ein venn av han tipsa han om at han kunne finne eit bilete av ein konvolutt på nettet, og han søkte så etter ein konvolutt, men fann ingenting. Etterkvar måtte han ringe sonen (min venn) for å finne ut kva han hadde gjort gale, og då kom det for ein dag at han hadde googla "symbol" og ikkje funne bilete av ein konvolutt...

Dette viser at det ikkje nødvendigvis er lett å forstå korleis ein søkjemotor fungerar, og dette for ein vaksen, velreflektert person. 

Dette viser at informasjonskompetanse utvilsomt er eit breitt område og definitivt meir innvikla enn å lære eit salmevers utanåt. For mange kan det være eit problem å i det heile tatt finne relevant informasjon, og etter dette kjem eliminasjonsprosessen der ein skal luke ut informasjon som ikkje held vatn. 

Eg trur at det å lage ein progresjonsplan for informasjonskompetanse neppe kan skade, men ikkje nødvendigvis er avgjerande. Ein kan lære elevar å bruke google over tid, men det er ikkje sikkert at google kjem til å eksistere for evig, ei heller wikipedia. Det viktigaste er at vi gir elevane ei haldning og lærer dei å reflektere automatisk. 

Ein av dei lettaste måtane å gjere dette på er å gjere elevane merksame på kven som produserar informasjonen dei finn og i den samanheng også kvifor. Dersom ein greier å få elevane til å tenkje over dette vil all informasjon framstå i eit anna lys, og dei vert kritiske til det dei les. Dersom elevane spør seg sjølv om kven som har produsert informasjonen, og kva hensikt det er gjort kan ein avsløre mykje dårlig og villedande informasjon og dette er noko av den viktigaste kompetansen vi kan gi dei. 

Eg trur ikkje det er nødvendig med ein progresjonsplan for å arbeide med denne kompetansen, men læraren må være si rolle bevisst. Ein må alltid stille spørsmål for å få elevane til å tenkje sjølv. Dersom ein ikkje klarer å få hjerna deira til å arbeide fell elevane inn i ein ukritisk klipp-lim mentalitet og det vil tjene både dei og samfunnet dårleg.